Hei alle skivenner og fylgjarar av Team Hallingdal!

No har teamet akkurat fullført ein svært vellykka høgdesamling i dei Austerriske Alper, Ramsau am Dachstein. Før samlinga var me så heldige å få låne bil hjå Hallingdal Bilsenter. Den skulle frakte ski, stavar og baggar. Bilen vart køyrd av faren til Tor-Magnus, Torleiv, og Torbjørn Engene, hovudsponsor av Teamet. Halvparten av Teamet hadde eit opphald på 14 dagar, medan resten av oss var der i 10 dagar. Vi budde på Hotel Waldrand. Her hadde vi heile hotellet for oss sjølve.

Ramsau bydde opp til flotte forhold for barmarks- og skitrening. Været var heilt strålande på samlinga, sol og mellom 12-20 varmegrader. Hovudgrunnen bak samlinga var å få lagt ned mange gode treningstimar på ski. Dette fekk me gjort oppe på breen Dachstein Gletscher(2700 moh.), berre 15 min unna der me budde. Til dømes har Team-utøvar Kjetil Bjerkrheim lagt ned heile 51 timar med trening gjennom opphaldet. Me hadde ofte første økt oppe på breen og andre økt nede i låglandet, der me trena rulleski, løp og styrke. Vår eigen trener Sondre Wright Lunde stod for treningane. I tillegg var me så heldige å få med oss Buskerud Skikrets- og Team Splitkon trenar Sondre Eriksen. To trenarar med stor kompetanse innanfor langrenn og trening.

Samlingar som dette styrkar samhaldet i laget. Sidan vi hadde heile Waldrand for oss sjølve, vart det meir sosialt og personleg for alle utøvarane. Me spelte dart, biljard og kort. Til og med hovudsponsor Torbjørn Engene viste fram gamle takter. Samlingane gjer at vi blir meir samansveisa som eit Team og styrkjer kvarandre. Mange av gutane og jentene viser sterk form om dagan. Dette kjem til å bli ein spanande vinter!

Tusen takk til alle sponsorar som gjer det mogleg for oss utøvarar å gjennomføre ein slik strålande samling. Me rettar ein særskilt takk til hovedsponsor Torbjørn Engene, som var med som hjelpesmann og sjåfør, Torleiv Mundal som var med som sjåfør og fotoansvarleg og sist men ikke minst til HALLINGDAL BILSENTER AS for velvillig utlån av prima bil!

v/Tor Magnus Skredegård, oktober 2017.